Klaus Vatne

Foto av Jim Kvamme

Klaus Vatne • Møtesong

Møtesong⎢Tekst: Jon Fosse⎢Musikk: Klaus Vatne

Klaus Vatne er ein Bergens-artist som har vore aktiv med sine «Songar» (tekst Jon Fosse) sidan 2011. I år har han besøkt litteraturfestivalar i Longyearbyen, Lom og Oslo, og elles hatt fleire konsertar på heile Vestlandet.

Klaus Vatne slepper ein ny singel kalla «Møtesong», som passar godt til haustmørkret. Etter at han sleppte «Kjærleikssong», som handlar om den udødelege krafta i kjærleiken, kjem no «Møtesong», ein sterk ballade med intim tekst om dei to elskande sitt møte i natta. Dette er ein song som vil ta mange lyttarar inn i djupe lengsler på mørke haustkveldar. Omslaget er henta frå Vatne sin favorittstad, Stockholm, der artisten har vandra rundt tallause gonger for å fange stemning og atmosfære. Han seier staden har ei poetisk kraft som han har henta mykje frå i sitt arbeid med musikken.